Frøya nyheter

19.01.2019 °C m/s
Annonser
Eli Crozier Sv

SV står på sitt nei til vindparken

Frøya SV stemte imot å gi konsesjon til vindmøller på Frøya, til tross for det knappe flertallet for i folkeavstemningen i 2006. Nå forteller Eli Crozier at de står for sitt nei til vindparken.

Lena Lena Jørgensen +47 976 98 465
Annonser

Av Eli Crozier, leiar Frøya SV: 

Frøya SV står ved sitt nei til vindmøller på Frøya.

Frøya SV stemte i mot å gi konsesjon til vindmøller på Frøya, til tross for knapt fleirtal for i rådgjevande folkeavstemming.

Dette er fortsatt standpunktet vårt.

Ola Vie, vår mann i kommunestyre, og vara Eskil Sandvik, er aktive ved kvart høve for å påvirke via demokratiske prosessar, jfr høyring nyleg, og i aksjonsgruppa mot vindkraftutbygging på Frøya.

Vi heier på dei!


SV prioriterer tiltak for å stanse klimaendringane, stoppe utryddelse av planter og dyr og redusere presset på våre felles ressursar. Vi kjempar for å vri investeringar frå fossil olje til nullutsleppsløysingar i næringslivet, fornybar energi, kollektivtrafikk og framtidsnæringar som fiskeri og havbruk.

Norge har fornybar energi frå vasskraftverka våre . Denne kan effektiviserast betydeleg ved teknologiutvikling utan nye naturinngrep. I tillegg blir det behov for å satse på nye former for fornybar energi, som biodrivstoff, biogass, geoenergi, solenergi og havvind. Også vindkraft på land.

Men, vi meiner det må stillast strenge krav med hensyn til naturinngrep.


Først no til våren blir det lagt fram ein nasjonal plan som forsøker ivareta dette. Hadde denne vore på plass før konsesjonssøknaden på Frøya vart behandla, er det grunn til å tru at vårt flate kystlandskap med sårbar natur ville blitt skjerma.

For Frøya SV er det ingen motsetnad mellom å satse på fornybar energi og kjempe mot vindkraftanlegg på Frøya.


Annonser
Annonser